Jakt og fiske

Rype- og småviltjakt kan kjøpast på Røldal Statsalmenning. Dagskort for rypejakt på Haukelifjell får du på Haukeliseter Fjellstue, 20 minutt aust for Røldal. 

Det er ikkje småviltjakt med hund på Røldal Statsalmenning.Rypejakt og reinsdyrjakt på Hardangervidda kan kjøpast hjå Helleik Rabbe. 

Fiske

Røldalsvatnet byr på garantert fangst, og det er fritt stangfiske! Dei beste fiskeplassane er ved utløpet av kanalen, ein km sør for sentrum. Me kan by på mange fiskevatn og -tjørn i og rundt Røldal der ein kan fiske aure. Fiskekort får du kjøpt på på inatur https://www.inatur.no/fiske/50ed36c3e4b092f33faf5120/stongfiske-roldal. Båtutleige finn du på Seim Camping.

Storauren finn du i Suldalsvatnet, 30 minutt sør for Røldal. Fiskekort får du kjøpt i butikken på Nesflaten. Fortset du videre mot Suldalsosen kan du fiske laks i Suldalslågen.

Om du vil fiske i sjøen er det mogleg.  Me har fire forskjellige fjordar innan 45 km frå Røldal: Saudafjorden, Hylsfjorden, Sørfjorden og Åkrafjorden.

Gasta Design