Reisen hit

Røldal ligg i hjarta av Sør-Norge. Hit går det daglege bussavgangar fra dei større byane som Bergen, Oslo, Stavanger og Haugesund med Nor-Way Bussekspress. I helgane går det og dagleg skibuss frå Haugesund og Haugalandet.

Nærmaste flyplass er Haugesund Lufthamn Karmøy, omtrent to timars køyring frå Røldal.

Kjem du i eigen bil finn du oss 3-4,5 timer unna dei store byane i Sør-Norge. Nasjonal turistveg Ryfylke, FV 520, er vinterstengt i perioden november-mai/juni, alle andre veier til Røldal er heilårsopne.