Fjellvandring

02.jpg

Røldal  ligg vest for Langfjella ved foten av Hardangervidda. Dette gjer Røldal til ein unik stad når det gjeld vandring i vakker natur.

Her finn du nok turar til heile livet! Grunna høge fjell og mykje snø tar fjelltursesongen ikkje til før om lag midten av juni. Dei fyrste turane som vert snøfrie er dei som er nærast bygda og mot Hardangervidda. Snøen ligg lengst i vest, mot Hallet Grøne og i tillegg over Høgdene mellom Hellevassbu og Middalsbu.

Hardangervidda med sitt rutenett ligg rett ved Røldal. Du kan starte frå Røldal, Valldalen eller Haukeli. Herfrå kan du gå kortare eller lengre rundturar på vidda. Turisthytter ligg i høveleg avstand frå Røldal i fleire retninger, noke som gjev godt grunnlag for fleirdags turar i fjellet.

I sørøst finn du landets sydligste isbre, Breifonn. Vidare er det høgfjell og snøfonner før du kjem inn i Kvanndalen landskapsvernområde, og kan ta vegen vidare mot Setesdalsheiane eller Suldal. I vest dannar Såto og Holmanuten bygdas velkjente profil, med Ekkjeskar i mellom. Her finn du fine dagsturar til fleire nutar, og med utgangspunkt på FV 520 eller gamlevegen over Røldalsfjellet kan du gå vidare inn på hyttenettet i Etne- og Saudafjella.

I nordvest ligg eit stort sett urørt landskap med Revsegga som ein lang vegg med fantastisk utsyn mot Reinsnosi og Folgefonn.

Røldal har ei eldgamal veghistorie.  Vandringsvegane mellom aust, vest, nord og sør ligg der den dag i dag, tydeleg og lette å finne mange stader. Desse var viktige handelsvegar, men dei blei også brukt til pilegrimsvandring allereie frå 1300-talet for folk som valfarta til stavkyrkja og krusifikset.

I fjella rundt Røldal har me mange stølsdalar som har vore ein viktig del av livsgrunnlaget i bygda. Mange stader står husa enno, andre stader er det berre murane att. Desse stadene er populære turmål.

På grunn av alt dette  kan me seie at Røldal kanskje er det beste området i Noreg for fjellvandring og naturopplevingar.

Røldal Idrettslag legg kvart år ut Røldalstrimmen, sju postar på ulike stader i fjellområda rundt bygda. Ved å kjøpe kartet til desse postane er du med i trekninga om premiar etter sesongen. Røldalstrimmen er tilgjengeleg frå om lag 20. juni til 1. oktober.

Gasta Design