Om Røldal

Ferie i RøldaL

 
a41177aa-c333-488d-baa4-a7bb031770f5.jpg

Velkomen til Røldal, den perfekte base for naturopplevingar i Fjord-Noreg!

Her finn du uendelege stiar og fjellvegar i alle retningar, flotte fiskevatn og til og med toppar med snø heile året! Her bur du godt med eit utal store attraksjonar innan rekkevidde.

Røldal stavkyrkje er det naturlege sentrum i bygda, og hald fram med å vere samlingspunkt for fastbuande og turistar som ho har vore i 800 år. I og rundt bygda har vi fleire kulturminne og spor etter ferdsel og aktivitet. Dette er vitnesbyrd frå ei tid då livet her oppe under høgfjellet var særs krevjande, men kulissane og naturen er stort sett lik den dag i dag.

Trolltunga, Preikestolen, Hardangerfjorden, Folgefonna, Ryfylke og Hardangervidda er bare ein liten smak av kva du kan gjere, sjå og oppleve med Røldal som base. I dagsturavstand frå oss finn du aktivitetstilbod for ein kvar smak, frå familieparkar til strikkhopp.