Røldalsmarknaden

marknda.jpg

Marknaden går føre seg siste helga før jonsok, kring 20/6 kvart år.

Røldalsmarknaden er ein av dei eldste marknadane i Norge. Ingen veit sikkert når den starta, men det seiast at Røldalsmarknaden har røter attende til førkristen tid. Det var naturleg at Røldal vart stemnestad. Her møttest vegane ifrå Ryfylke, Sunnhordland og Hardanger med vegar frå Setesdal, Telemark og Numedal.
Etter kvart som folk fekk bruk for andre typar varer enn dei som dei sjølve produserte, bytta dei til seg desse med folk ifrå andre bygder. Folk kom austanifrå med vilt, skinn og jern som dei bytte med fjordvarer som salt, sild og fisk.

Etter som pengar kom i bruk, gjekk handelen over frå byting til reint kjøp og sal. Hestar, andre husdyr og ymse bruksvarer vart dei viktigaste varene på marknaden i Røldal.

Røldalsmarknaden fekk eit opphald i perioden 1810 - 1924. I 1924 fekk Røldalsmarknaden offisiell godkjenning og kom med i almanakken som ein ”merkedag”. Røldalsmarknaden i gamal form vart siste gong arrangert på 50-talet.

Røldalsmarknaden i moderne tid vart fyrste gong arrangert i 1992. Ynskjet var at det skulle skyta nye skot på dei gamle røtene av tidlegare marknadar.

Marknaden trekkjer om lag 5000 publikum, frå alle kantar i distriktet rundt oss, samt om lag 200 tilreisande i samband med utstillarane.

Me har pr i dag ca 80 utstillarar. I tillegg til utstillingar har marknaden på dagtid kulturelle opplevingar og arrangement for heile familien. På kveldstid vert det arrangert dans og underhaldning av ulike slag.

www.roldalsmarknaden.no

Gasta Design